Poen عمومی
[search 0]
بیشتر
برنامه را دانلود کنید!
show episodes
 
Artwork

1
POEN

NPO Radio 1 / NOS

Unsubscribe
Unsubscribe
ماهیانه
 
POEN - de podcast over economisch nieuws van de NOS. Verslaggevers Wouters en Waaijers duiken in de grote verhalen uit de wereld van het geld, de pegels, de monnies. Waardoor je aan het eind beter begrijpt hoe de economie werkt en wat je ermee moet.
  continue reading
 
This is a old commentary of my life that was made during covid. I want to remove it, but this is shown as an improvement of my content creation. (I WAS 6 - 8 YEARS OLD WHEN I MADE THIS ENJOY BABY VOICE) my old description is: all about poena and friends (more soon!)
  continue reading
 
Loading …
show series
 
Spørsmålet er: Er det mest keisamt å høyre på noko vi ikkje likar, eller noko som er litt sånn meh? Hanne og Lars går gjennom 24.-13. plass på årets rangeringsfasit, og så kan de sjølve vurdere kva som er mest provoserande. Og hugs: Vi har rett, og de tek feil, med mindre de er samde med oss. --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.…
  continue reading
 
Er det ikkje rart at det kvart år dannar seg nokre "tema", tilsynelatande spontant? I starten av kvalifiseringssesongen i år var det påfallande mange heksete songar som melde seg på, og du treng ikkje be Lars to gongar om å støtte den trenden! Men er Hanne like entusiastisk? Hint: Det norske bidraget ER Trondheimsbasert, og det let som regel bra i …
  continue reading
 
Hanne har tydelegvis blitt bestefar sidan sist, og Lars sympatiserer med Erdoğan. Har podcastvertane våre gått heilt av skaftet? Følg med, og få litt Albania, Tsjekkia og Frankrike på kjøpet. --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/12poeng/message
  continue reading
 
Sjølv om første semifinale er i dag skal det teknisk sett vere mogleg å høyre denne episoden før det brakar laust. Altså er vi innanfor vårt mandat. Israel, Moldova, Slovenia og Portugal er landa, og etter det er det berre å krysse fingrane for at din favoritt går til topps!--- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/12poen…
  continue reading
 
Pust, pes, kjem vi i mål i tide? Lamminga dreg ut og Kanne Kalse er 50% sjukmeld, og vi hastar framover med tre av dei sju attståande bidraga. Armenia, Aserbajdsjan og Georgia leverer ein mildt sagt blanda potpurri med flagrande friassosiert heksemusikk, SoMe-kritisk trendy morsmålsrap og... earwormpop? Sjangervåsalarm og meir livsvisdom frå folk s…
  continue reading
 
To duettar og ein Tyra Banks-protegé med rik far er tema i dagens episode. Lars har gløymt korleis ord fungerer og Hanne har ei rekke godt planlagte zingers som såvidt kan fortollast som humor.--- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/12poeng/message
  continue reading
 
Tre halvkeisame nummer blir sprita opp av to hilariøse programleiarar, og ein smådeppa kunstig intelligens. Vi besøker Estland, Latvia og Sveits i årers mest søkte ordspeltittel, takk til Hanne.--- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/12poeng/message
  continue reading
 
Bli med oss på øyhopping når vi besøker små og store på Kypros, Malta og Island på vegen til Liverpool! Hanne lærer oss å lage kokain og Lars har seriøst problem med å hugse sjølv dei enklaste ting. Fekk Hanne lov til å reise på EF Språkreiser som tenåring? Spoiler alert: Nei, så klart ikkje. Vi tek derimot denne episoden som ei språkreise og lærer…
  continue reading
 
Tre av dei meir kunstnarleg ambisiøse bidraga blir trygt og fagmessig handsama av våre to rutinerte programleiarar i dagens episode. Dei politiske tilhøva på Balkan, til dømes, føler vi at vi har full kontroll på. Kann er tilbake frå påskeferien og kan opplyse om at vi har mange episoder igjen av sesongen. Takk for tipset, Kanne, men desse episodeb…
  continue reading
 
Vi møter stadig problem i det at vi er så innmari gamle blitt, og vi skjønar ingenting av at deltakarane i ESC no er småungar som vart fødde etter at vi vart vaksne. Vi greier ut om vår djuptgåande kjennskap til Sosiale Media og demonstrerer ei generelt ungdommeleg innstilling. Lars klagar over det verste året i ESC og Hanne er ivrig etter tilbakem…
  continue reading
 
Nokre får berre ikkje nok av ESC! Vi snakkar om to tilbakevendande artistar, som begge har mykje å leve opp til. Og så miksar vi inn ein enerverande attenåring med ein rotete bodskap. Berre sånn for å bli ferdig med det liksom.--- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/12poeng/message…
  continue reading
 
Vi handsamar nokre av årets talrike band, og tek i dag for oss dei lengst ute på rockelinja. Ikkje uventa blir det blanda kjensler rundt dette. Hanne Espelid Hovig stiller også med ei lita heimkunnskapsoverrasking! #Tyskland #SanMarino #Australia #ESC2023 #Eurovision #PiñaColada #Alkoholfritt --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.…
  continue reading
 
Vi får celebert besøk, og du blir sikkert glad for å høyre at det ikkje er Sophie Elise eller Fetisha, men derimot Marièl og Martin, som er langt å foretrekke spør du oss. Vi snakkar litt om oåoå og Cèline, og deler ikkje synet på finsk techno. Men ellers vil vi karakterisere tonen som gemyttlig, for det meste. #Finland #Käärijä #Frankrike #LaZarra…
  continue reading
 
I dag blir vi presenterte for eit eklektisk utval songar, og før du skriv ein rasande e-post til oss om at vi berre snakka om to bidrag i dag kan vi berolige deg med at joda, du har berre gløymt Irland sitt i midten der. Du gløymde det allereie medan du høyrde det, berre spol tilbake og sjekk, det er der. Kanne Kalse kjem med få og gamle nyhende og…
  continue reading
 
Synst du vi er trege med å kome i gang? OK, kva har du tenkt å gjere med det då liksom? Vi tenkte oss det ja, berre sett deg ned og ta det du får, og ver nøgd med det. Fem sesongar baby! For å ta vare på vår eigen psykiske helse hoppa vi over MGP-dekninga i år og hoppar rett på djupt vatn med dei tre første bidraga som skal til Liverpool. Spoiler a…
  continue reading
 
Australia, Norge, semifinale 2 og attpåtil KONKURRANSE. 12 poeng runder av sesong 4 med det som kanskje er den siste episoden, diskuterer livets betydning og gleder seg til Eurovision-uka. Delta i konkurransen DU OGSÅ! --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/12poeng/message…
  continue reading
 
Sveits, Østerrike og... Romania? står for tur. Etter ein serie oppturar dei siste seks bidraga vi har diskutert må vi dessverre førebu dykk på eit sett som held eit noko meir meh nivå. Men tru ikkje at det stoppar oss frå å vere superunderhaldande. Vi snakkar om kjensler, vi snakkar om nittitalsbandet Mr. President, vi snakkar om tonekjønn, øydelag…
  continue reading
 
Enda ei episode som har ligge på vent i lang tid. Vi har prøvd å fjerne alle referanser til påske, sidan denne vart tatt opp før påske og blir gitt ut veldig, veldig lenge etter påske. Men vi skal besøke aust-Europa i dag i ei av vår meir sjangermessig varierte og -våsete episoder, dessutan litt feil/klønete uttale av namn og anna snacks. Velkommen…
  continue reading
 
Då du gjekk på ungdomsskulen, valde du engelsk fordjuping, tysk eller breton? I denne episoden tek vi for oss dei tre siste av dei fem store, Lars tek eit oppgjer med OL, Frankrike maksar morsmålsometeret og Tyskland leverer både hummar og kanari. Dessutan er England ei slags positiv overrasking. --- Send in a voice message: https://podcasters.spot…
  continue reading
 
Lars er for ein gongs skuld den positive i dette programmet, men har gløymt korleis alfabetet fungerer. Kanne, den megga, viser seg å vere antivaxer. Og vi skal så langt austover at dei antakelegvis allereie har stått opp i morgon. --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/12poeng/message…
  continue reading
 
Vi deler grense med desse tre, men deler vi gleder, deler vi sorger? Deler vi det som betyr noko? Deler vi Eurovisionbidrag? Nei, så klart ikkje! Slutt med det tullet! Deling er for barnehageborn uansett. --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/12poeng/message
  continue reading
 
Bli med oss på øyhopping og få med deg eit svært variert opplegg frå Island, Kypros og Malta. Frå Rachel McAdams-søstrene med mange og rare namn via kypriotisk dampande lengt til ei rikmannsdotter frå Malta som moglegens vann littegrann ufortent. Noko for, om ikkje ein kvar smak, i alle fall tre smakar sånn cirka. --- Send in a voice message: https…
  continue reading
 
Ei sunn sjel i ein sunn lekam føreset nok søvn, noko vi absolutt ikkje kan skilte med i denne episoden. Men vi kjem oss gjennom 3/5 av Balkan i dag, og det er Kroatia, Serbia og Montenegro som får prøve seg mot våre kritiske øyre - med blanda hell, kan ein vel seie. --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/12poeng/messag…
  continue reading
 
Vi besøker våre naboar i aust, for øvrig kjende for ullgensarar, vottar og andre varme ting, dessutan nydeleg kormusikk, samt ropedama over alle ropedamer, Samanta Tīna. Estland har levert ESC-skattar tidlegare, men Litauen har vakse fram som den neste store aktøren i dette området - kven leverer i år, og kven gjer ikkje? --- Send in a voice messag…
  continue reading
 
Ei episode som har hatt ein uvanleg lang redigeringsfase! I dag: tre land av forskjellig karakter, men med same forbokstav igjen! Konspirasjonsteori, gamle nyhende og blindt raseri er ingrediensar når vi tek turen innom San Marino, Slovenia og Spania. Episoden er tatt opp for ei veke sidan, og mykje har skjedd sidan då. Слава Україні! Героям слава!…
  continue reading
 
Tredje episode, III, tre i-ar. No er vi i gang! Frå aggressiv irsk pønkpop via billig israelsk realitymusikk til nok eit italiensk bidrag som kjem til å blåse mange konkurrentar av banen - her er noko både for dei med og dei utan smak. Pluss ein gjesteopptreden med religiøse svindelforsøk frå middelalderen og Hanne som les opp 60 bidrag i rekkefølg…
  continue reading
 
Siste song ut i år (i vår tilfeldige rekkefølge) er ei dame utan respekt for store og små bokstavar og deira plass i konvensjonell ortografi. Men ho er desto meir GenX! Lars burde vere glad for at ballader er in, men desse nymotens balladene, er dei noko tess? Dessutan debuterer 12 Poeng med damekorrepertoaret sitt. Hugs å sende inn din profeti for…
  continue reading
 
Portugal har tradisjonelt levert tradisjonelle portugisiske greier på portugisisk, og så sender dei altså sitt aller første heil-engelske bidrag i år. Med tekstinspirasjon frå ein nederlandsk sex-arbeidar. Wowza. Og til Hanne si store glede viser det seg at Lars produserer ei overtydande Macy Gray-etterlikning. Vi seier dessutan takk for i år til K…
  continue reading
 
Stemmer det at dette ikkje er første gongen vi brukar ein ikkje ubetydeleg del av podcasten til å snakke om den kortliva såpeserien Sunset Beach utan grunn? Føler det har skjedd før. Og Hanne har litt problem medd å skilje mellom Billy og Stomperud, noko som heller ikkje har så mykje med det rumenske bidraget å gjere. Kan det vere at bidraget ikkje…
  continue reading
 
Hanne avslører at ho er Jevgenij Pljusjtsjenko-fan, vi kranglar litt om det er Lazarov eller Lazarev og lærer om Tajdsjikistan. Dessutan er vi woke SJWs som tek eit tydeleg standpunkt mot konebanking og for kvinners rettigheiter. --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/12poeng/message…
  continue reading
 
Den n-te 2020-artisten i årets finale sender noko ganske anna enn i fjor, og Hanne endeleg får den glimen i augo som antyder meir enn seks poeng. Men held det til toppscore? Pluss alle dei australske klisjeane framført med utruleg lite overtyding, sjølvsagt. --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/12poeng/message…
  continue reading
 
Eks-mannen vår austanfor har surfa på ei årelang topp 10-bølge, og leverer årvisst glatte og lettlikandes låter som lurer seg inn i dei europeiske juryhjarte, men dei siste åra har tendensen vore svært låge publikumspoeng. Har vi som publikum fått nok av låtskrivarteam på storleik med ein middels ungdomsskule, og hjelper det å sende ein sjarmerande…
  continue reading
 
Vi skal til vertsnasjonen, som tradisjonelt nok ligg i nedre del av bettinglistene, men fortener dei pes i år? Lars er forkjøla, så episoden er litt forseinka, og de får dessutan gleden av å høyre han slafse på ein Fribol. Neida. Det måtte klippast ut, så episoden er endå meir forseinka. Helsingvis er Hanne og Kanne i betre form, så vi får siste ny…
  continue reading
 
Årets andre Amen kjem frå landet som har gitt oss klassikarane Sebi, Energy og Hvala, Ne!, men kan Ana måle seg med desse? Har gospel ein plass i ESC? Kjem Vasil til å grine av si eiga framføring av Here I Stand? (Garantert!) Bli med dine favoritt ESC-nesten-nerdar til Slovenia og omegn! --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/p…
  continue reading
 
Kan det å omsetje ein song frå morsmål til engelsk samt fjerning av ein modulasjon i det heile tatt kallast ein revamp? Vil Eden greie ESC-historiens høgste tone? Kvar er Kanne Kalse to tredelar av tida? Kvifor alltid Simon Cowell? Velkomen til ei episode der tråden ikkje blir halden og vi tråkkar i mange politiske salatar, som tradisjonen er når t…
  continue reading
 
Greier vi å presse inn ein Finn Schau-referanse i ein podcast om årets greske bidrag? Den som høyrer får... høyre! Og Kanne Kalse er ute av karantene igjen, så ver budd på siste nytt. --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/12poeng/message
  continue reading
 
Ein av mange andra chansen-artistar i år diskar opp med nok ein ballade større enn livet sjølv. Like stor som heile universet! Bli med på ei reise gjennom heile ESC-historia gjennom gleder og (dei siste 20 åra stort sett) sorger for konkurransens O. G. vinnar Sveits. Og kos deg med vår franskkompetanse som er, i mangel av betre skildringar, tres bi…
  continue reading
 
Island sender ei to meter høg hipster som er glad i kona si og ungane sine, og det er ein god idé, for no ligg dei dæsken døtte oss heilt oppe i oddstoppen for andre år på rad. Får vi høyre årets vinnar og Islands første førsteplass i dag? --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/12poeng/message…
  continue reading
 
Mykje bra kjem frå Austerrike - Kommisar Rex, vals og etternamn med to konsonantar på slutten, for eksempel. Og Vincent er jo bueno, eller? Vi dykkar meir ned i det musikkteoretiske i dag, er det eit format vi burde gå vidare med? Lars er Udo, Hannelore er Liesl. --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/12poeng/message…
  continue reading
 
Kva diskar dəi opp məd i år, dəssə asərbajdsjanaranə, som alltid har əin svənskə på lur og ər passələg ətniskə på əngəlsk? Å, dəi stillər məd samə song som i fjor? Spanandə! --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/12poeng/message
  continue reading
 
Loading …

راهنمای مرجع سریع